Regjeringa har bestemt at Volda skal få bygd 120 nye studentbustadar.

– Ei positiv utvikling som kan vere med på å bygge studiebygda enda sterkare, seier leiar av Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand i ei pressemelding.

I statsbudsjettet for 2017 lovde regjeringa 2.500 nye studentbustadar på landsbasis. Det er no bestemt at 120 av desse skal byggjast i Volda. I følgje pressemeldinga frå høgskulen skal bustadane byggjast like ved Heltne studentheim.

– Det er ein stor glede for oss at dette vert realisert. Eg håper også det kan vere med på å auke rekrutteringa av studentar, og at det vert lettare å velje Volda for framtidige studentar, seier Karoline Strand.

– Dette er eit viktig tiltak for studentane frå vår side. For oss er det viktig at det er tilstrekkeleg med studentbustadar i vår region, seier Odd Harald Karlsen, fylkessekretær for Høgre i Møre og Romsdal.