Alan Walker spelar sine største hits på Malakoff17 til sommaren.

- Vi er utruleg stolte og glade over å ønske den unge superstjerna frå Bergen Alan Walker velkomen til Malakoff17, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Med debutsingelen Faded skaut karriera fart for DJ-en og produsenten frå Bergen. Alan Walker er i dag ein heilt uverkeleg stor nettmagnet, og med enorme sjåar- og følgjartal på YouTube står Faded på øvste pall, med sine vanvittige 900 millionar syningar.

– Årets lineup vil begeistre utruleg mange med ulik musikkpreferanse og alder. Vi kan love ein tydeleg rockeprofil i tillegg til eit program krydra med nye og gamle kvalitetsartistar fordelt på mange ulike musikksjangrar, seier Naustdal vidare.

Desse artistane klare til Malakoff-festivalen på Nordfjordeid 20.- 22. juli.

BIFFY CLYRO, KARPE DIEM, ALAN WALKER, TURBONEGRO, ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET, FRANK CARTER & THE RATTLESNAKES, DUBIOZA KOLEKTIV, JANOVE, SPIDERGAWD, DAGNY og KJARTAN LAURITZEN.

Fleire namn kjem utover våren. Årets festival vert den første som går over tre dagar.