Utvalet for Oppvekst og helse i Hornindal stillte seg positive til den interkommunale samarbeidsavtalen innan barnevern.Avtalen er mellom Hornindal og sunnmørskommunane Hareid, Volda, Ørsta og Ulstein. Samarbeidet om barnevernstenester trer i kraft 2. mars og vil bety ein kostnad på omlag 760.000 kroner.

– Vi har vore i møte og fekk inntrykk av kva dagens barnevern er. Det er viktig å løfte fram det positive med barnevernet, sa rådmann Ann Kristin Langeland. NAV-leiar Monica Osvold blir det lokale tilknytingspunktet og ho er allereie i gang i si 20 prosent stilling som ledd i avtalen.

– Fylkesmannen vurderer Hornindal si innmelding som eit steg i rett retning, men vil framleis har tilsynsansvaret fram til 2020, sa Langeland.