Simon Hjelmeset Kirkeeide tok 6. plassen i 17-årsklassen på normalen i juniorcupen i skiskyting i Steinkjer søndag.

Ei god plassering i ein klasse med mange sterke løparar. Markane-løparen pådrog seg sju bom (1-2-2-2) på standplass. Han var rundt 40 sekund frå pallen, viser liveoppdateringa frå Steinkjer.

I 18-årsklassen vart Aksel M. Meland nummer 19, og like bak kom Vegard Skrede på 20. plass. Begge med åtte bom kvar.

Isak Hopland var beste lokale i 19-årsklassen i DNB Cup 5/Statkraft juniorcup 3 med ein 13. plass. (5 bom). Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 14 med god skyting med berre to bom på standplass. Erlend Bakken og Andreas Halsteinslid hamna på 32. og 45.plass i same klasse.

Rennet for senior dame og herre + 20-21 og kvinner 17 , 18 og 19 år vart avlyst. Grunnen var mangel på snø i deler av sporet, og dermed måtte arrangørane ta omsyn til tryggleiken til løparane.