I søknaden frå idrettslaget blir det peika på eit behov for å synleggjere Hornindal-namnet i ulike samanhengar. Til dømes opplever dei at mange ikkje veit kvar Grodås er når Grodås-cup skal marknadsførast utover regionen.

– Det vil difor vere fornuftig å legge til Hornindal som ein del av logoen. Vi har etter kvart også funne ut at dette behovet eksisterar for alle lag og organisjonar i Hornindal kommune. Kanskje også for ein del bedrifter, skriv dei i søknaden til næringsfondet.

Målet for prosjektet er å utvikle ein felles grafisk profil som lag, organisasjonar og arrangement kan nytte ilag med sin eigen logo.

– Dette er spesielt viktig når kommunenamnet sluttar å eksistere, heiter det i søknaden.

Fire aktørar er valt ut til å ta del i idédugnader; Hornindal Rundt, Grodås Cup, Honndalsportalen og Hornindal skisenter. HS Partner ved Jørn Sønsterudbråten er leigd inn til prosjektet og total kostnadsramme er 150.000 kr.