Toppturar er i vinden som aldri før. Tindevegledar Einar Løken frå Stryn har mange gode tips om kva ein bør ha med seg på slike turar.

Løken har brei erfaring og jobbar til dagleg som tindevegledar i Breogfjell AS.

– Det finst eit stort utval av utstyr å velje i, men når alt kjem til alt så er det eit minimum av utstyr ein bør ha med på topptur, fortel han.

Trelags bekledning

– Det er alltid forskjellar, og nokre frys lettare enn andre til dømes. Men inst på kroppen bør ein ha ull, eventuelt teknisk undertøy laga for føremålet. Tynn ull er til dømes eit heilårsplagg som kan anbefalast. Ei fleecebukse kan og vere greitt å ha, samt ein fleecegensar med hette. Høge skisokkar er også ein fordel. I sekken er det bra å ha med seg ei tynn isolasjonsjakke, anbefalar Løken. Mange likar også å byte til ei tørr ulltrøye når ein kjem til toppen.Ytst likar Einar Løken å ha på seg ei stor skijakke som isolerer godt, ei jakke som held ver og vind ute.

– Ytterkle som toler vatn og som er vindtette er viktig. Hanskar eller vottar og ei lue, gjerne med vindsperre, er også viktig å hugse på. Hjelm er ikkje eit krav, men det finst heller ingen gode argument for å ikkje ha med hjelm også på toppturar.Skibriller eller solbriller er også viktig å hugse på når ein går på toppturar.

– Her bør ein ha briller som har mørke nok glas, og som dekker nok slik at ein ikkje blir snøblind.

Ski, stavar og sko

– Her finst ski og randonee-sko i mange ulike variantar, og for ein kvar smak. Her finst mellom anna breie ski for laussnøkøyring, og smalare ski for anna føre. Uansett kva for ski ein går for er det ein fordel å stille bindingane inn skikkeleg før ein går på tur. Når det gjeld stavar kan ein få kjøpt både vanlege stavar og teleskopstavar. Løken anbefalar vidare å tilpasse skoa skikkeleg når ein kjøper randoneesko.

– Støypte solar tilpassa foten har ein mykje igjen for.

– Skifeller er vel noko som ein bør ha?

– Ja, her synest eg det er best med feller som dekker heile skiflata, minus stålkantane. Eg brukar å ta på skifellane heime, så slepp ein det arbeidet når ein står på parkeringsplassen. Det er også lurt å lagre fellane «lim mot lim». Feller laga av mohair gir betre gli enn andre.

Nødvendig utstyr

Unødvendige ting i sekken vil gjere turen meir slitsam, men når ein skal på topptur er ein god matpakke og rikeleg med drikke ein sjølvsagt ting å ha med seg. Men også ein spade i til dømes aluminium, søkestang og førstehjelpsutstyr bør ein ha med. To taustumpar a fem meter er også standard å ha med, ein kan då lage ein skikjelke om uhellet skulle vere ute.

Ein vindsekk bør også ein av turdeltakarane ha med.Verktøy kan vere lurt å ha i sekken om ein skulle få problem med skiutstyret. Like eins ekstra batteri til lykt og skredsøkar. Strips er også noko som kan vere greitt å ha i sekken, samt kart og kompass.Skredsøkar kan vere avgjerande for liv og død, og den skal bærast i bæresystemet inst på kroppen eller i ein sikker bukselomme. Å vite korleis ein brukar ein skredsøkar er sjølvsagt ein føresetnad.

 – Legg litt pengar i det

Sjølv om slikt utstyr allereie er dyrt, anbefalar Einar Løken folk om å legge litt ekstra pengar i det når ein kjøper seg toppturutstyr.

– Betalar du litt ekstra får du utstyr som vil vare lenger.