For å skape levande byar og distrikt i heile landet, aukar regjeringa bustadbygginga i pressområde og vil fjerne hinder for næringsutvikling i distrikta.

Stortingsmeldinga til regjeringa om berekraftige byar og sterke distrikt blei presentert av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i Tromsø fredag.I meldinga vert det fremja ei rekke tiltak regjeringa meiner skal sikre vekst, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) understrekar at denne regjeringa tar eit anna grep enn tidlegare ved å sjå på by og land i samanheng.– Tradisjonelt har ein laga ei distriktsmelding der ein ser på distriktspolitikken og ei bymelding for byane. Eg meiner ein må stå saman. Vi er avhengig av samspelet mellom by og distrikt, seier Sanner til NTB.Han argumenterer for at det ikkje er ei motsetning mellom byane og distrikta. Det er i distrikta ressursane som skal skape arbeidsplassar for framtida ligg. Og byane står ikkje i vegen for vekst i Distrikts-Norge.ByvekstavtalarI stortingsmeldinga vert det lagt opp til å styrkje utviklinga av knutepunkt og berekraftige byar. Såkalla byvekstavtalar skal sikre samordning av arealbruk og investeringar i transportsystema. Oslo, Akershus, Stavanger, Bergen og Trondheim har inngått slike avtalar. No står Tromsø, Kristiansand, Grenland, Buskerudbyen og Nedre Glomma-området for tur.

– I desse områda må det byggjast fleire bustader. Her skal vi også satse meir i dei bydelane som har dei største utfordringane, seier Sanner.Stortingsmeldinga imponerer ikkje Senterpartiet som også understrekar samspelet mellom by og land.– Regjeringa er tydelegvis tilfreds med at dei reformene som allereie er gjennomført, fører til større ulikskapar mellom kommunane og til sentralisering av tenestetilbod og busetjing. Ein beheld målsetjingar om å bevare hovudtrekka i busetjingsmønsteret, men legg til rette for ein politikk som verkar i motsett retning, seier kommunal- og distriktspolitiske talsperson i partiet, Heidi Greni.(©NPK)