Fjordingen hadde torsdag ei nettsak om eit billøp med eldre "oppstæsja" bilar som passerte Stryn. Det vart hevda at dette var The Carbage run frå Nederland som vitja vårt område.

Etter fleire tips frå oppdaterte lesarar kan det sjå ut til at løpet rett nok hadde sitt opphav i Nederland, men løpet heiter The Barrel challenge. Det er likevel rett at det også har pågått eit anna løp, også det med opphav i Nederland, som har vitja Norge omlag samstundes. Dette løpet heiter altså The carbage run, og er for bilar som i større grad kan karakteriserast for "rullande vrak".

Sprø og underhaldande tur

Når det gjeld The Barrel challenge står det å lese på heimesida at dette skal vere ein sprø og underhaldande tur gjennom Europa, og undervegs er det lagt inn ulike utfordringar som deltakarane skal løyse. Bilane som er med kan ikkje vere nyare enn 1999-modell.

Startskotet small 12. februar i den hollandske byen Emmen. Deretter tok deltakarane seg nordover gjennom Tyskland og Danmark, før dei tok ein tur innom Norge. Deltakarane var nordaust til Savalen før turen gjekk sørover att via Dombås og Atlanterhavsvegen. Og passerte då altså Stryn på sin veg tilbake til utgangspunktet.