Den omstridde fråværsgrensa ser ut til å ha hatt større effekt i vidaregåande skule enn regjeringa håpa på.

TV2 har samla fråværstal frå fylka i landet som har tala klare og samanlikna dags- og timefråvær frå hausten 2016 med tilsvarande tal for 2015. Hovudinntrykket er stor nedgang i fråværet. I Akershus har for eksempel timefråværet gått ned med 33,3 prosent, mens dagsfråværet har minka med 32,2 prosent. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er fornøgd.– Vi har sett at fråværet har falle kraftig på mange skular, sjølv om vi ikkje har endeleg fasit enno. Det er fleire elevar i klasseromma og det viser at fråværsgrensa både er nødvendig og fornuftig, seier Røe Isaksen, som har fått kritikk for fråværsgrensa. Han seier at fråværsreduksjonen er endå større enn han trudde.– Det viser jo at det var på tide å stille litt strengare krav til oppmøte, og at det var ein tabbe av dei raudgrøne å fjerne moglegheita til å ha ei fråværsgrense, seier Røe Isaksen.Trass i ein tydeleg nedgang i fråværet over heile landet, meiner framleis Elevorganisasjonens politiske nestleiar Rahman Chaudhry at innføringa av fråværsgrensa var eit feilgrep.