Torsdag opnar Coop Extra sin 359. butikk i landet. Det skjer i Stryn.

Det var hektisk aktivitet då Fjordingen besøkte butikken før helga. Rett nok hadde mange varer allereie fått sin plass i hyllene, men det var ikkje få metrar som stod att å fylle og merking som skulle på plass.

– Her blir det over 300 hyllemeter med ferskvarer. Kjøtt, meieriprodukt og sjømat, seier Ronny Sørbotten. Entusiastisk tek salgssjefen i Coop Vest oss med på ein runde i dei nye lokala. Han og butikkmannskapet jobbar på spreng for å kome i mål til torsdag.

– Vi er i rute til opninga, slår han fast, og kastar eit blikk på elektrikaren som heng oppunder taket.

Frå før har kjeden opna ein tilsvarande butikk på Eid her i Nordfjord. Den omset for ca 80 millionar. I Stryn budsjetterer dei med 60 mill. første driftsår.

– Men eg tenkjer det er realistisk å nå 75 millionar etter nokre år, legg han til.

Posten på plass torsdag

Skal vi tru salgssjefen var det ei takknemleg oppgåve å finne mannskap til butikken i Stryn. Og i spissen for det heile har dei tilsett Sylwia Gorka. Butikksjefen kjem frå jobben som assisterande dagleg leiar ved Stryn vertshus.

– Dette blir sjølvsagt litt annleis og det blir krevjande, men eg har flinke folk rundt meg, seier ho. Gorka skal leie totalt elleve tilsette, der fem jobbar fulltid.

Mellom dei som skal ha avdelingsansvar er Ingeborg Nesheim. Ho skal leie den såkalla ’non-food’ avdelinga med tekstilar, kjøkkenutstyr og leikar. I tillegg skal ho ha ansvar for posten. Den er på plass allereie frå opningsdagen.

Sjølvbetjening: Når varene skal betalast kan kunden velje mellom tradisjonell kasse eller sjølvbetjent. Der skannar kunden sjølv inn varene og betalar.

– Eg har køyrt vikar i posten for mange år sidan, smiler Nesheim når vi spør om ho har bakgrunn frå posthandtering. Ho trur det blir greitt å ta hand om den ved sidan av dei andre oppgåvene, og ser på det som eit stort pluss for butikken. Dei har ein kapasitet på 300 postboksar.

Mellom dei tradisjonelle betalingskassane dukkar det opp ei lita nyheit for daglegvarekundar i Stryn; Tre sjølvbetjente kassar der kunden sjølv kan skanne inn varene og betale.

hjelper: Salgssjef i Coop Vest, Ronny Sørbotten, har vore på plass i Stryn dei siste vekene for å klargjere butikken til opninga torsdag.

– 25 prosent av kundane føretrekk å bruke desse, seier Ole Andre Leivdal, IT- og sikkerheitsansvarleg i Coop Vest.

– Men er det plass til fire daglegvarebutikkar i Stryn, spør vi salgssjefen.

– Ja, eg trur det er meir interessant å handle i Stryn dess fleire tilbydarar ein har. Handel avlar handel, seier Sørbotten.