Det var ikkje planen å reise til VM denne gongen. Men ein førespurnad i siste liten viste at det var kome ei avbestilling hos eitt av selskapa som arrangerer sportsreiser. Då slengde «pappa Bø» seg med. Utan at sønene visste det.

– Det var litt kjekt å overraske dei, seier han. – Dei visste ingen ting om at eg var der. Men eg gjekk langs løypa då Tarjei var ute og trena, og då ropte eg på han. No skal det seiast at Klemet Bø ikkje var den einaste som prøvde å få kontakt med Tarjei. Det var folksamt langs løypene, og mange ville helse på den meritterte og humørfylte skiskyttaren.

Medalje igjen: Klemet Bø fekk også denne gongen oppleve VM-medalje til familien.

– Men han høyrde ei kjend stemme innimellom alt, ler faren. Dermed fekk han også treffe Johannes, som var på hotellet. Storebroren måtte sjølvsagt lure Johannes litt, så han sa det var nokon frå skifabrikken som ville treffe dei. Både overraskinga og gleda var stor då det viste seg å vere faren som sat i resepsjonen og venta.

Mange nordfjordingar

Klemet Bø fortel om fine dagar på stadion.

– Det var mange nordfjordingar på tribunene. Folk frå Stårheim, Eid, Bremanger og Olden, til dømes. Og dessutan mange tusen andre nordmenn. Så vi har hatt fine dagar med stor stemning, seier han, og legg til:

– Noko som har vore veldig kjekt er at det har vore bra fordeling nasjonane imellom. Det var til dømes ein sensasjon at Doll skulle vinne VM-gull, og amerikanske Bailey, 35 år, har aldri vunne meisterskapsgull før. Schemp, som er like gammal som Tarjei, har heller aldri vunne i meisterskap. Så det har vore eit fint VM på den måten. Og litt spenning har vi også fått, innimellom!

– Særleg fellesstarten søndag?

– Ja, då var det spenning til siste slutt. Og veldig kjekt, seier Klemet Bø.

– Kva tenkjer du om Johannes og Tarjei i dette VM-et?

– Johannes har hatt eit kjempe-VM, med tre sølv og éin bom frå den fjerde medalja. Det er ikkje berre å gå og hente medaljer i ein meisterskap. Tarjei er veldig godt nøgd med å vere frisk igjen og med at han kan hevde seg så godt med minimalt med trening. Så det er gledeleg, seier «pappa Bø», som under VM-avslutninga fekk ekstra glede av at sølvvinnar Johannes er god til å treffe blink: Då medaljeseremonien var over kasta sølvvinnaren blomsterbuketten sin mot faren på tribuna – og traff.