Kristoffer Arnes og Kristian Egge frå Transport og logistikk ved Stryn vidaregåande skule vann kvar si øving under Sogn og Fjordane-meisterskapen i yrkesfag.

100 elevar konkurrerte i 18 fag då Sogn og Fjordane-meisterskapen i yrkesfag gjekk av stabelen i Førde sist veke.

Tevlinga var open for publikum, og elevar frå ungdoms-skulen var spesielt inviterte for å få eit innblikk i dei ulike faga i praksis.

Deltakarane fekk på førehand utdelt oppgåvene og fekk tid til å planlegge og førebu seg før dei skulle i elden.

Lærerikt

Kristian Egge og Kristoffer Arnes frå Transport og logistikk ved Stryn vidaregåande skule gjekk heilt til topps i kvar si øving under meisterskapen.

Medan Kristian tok førsteplassen i øvinga økonomikøyring tok Kristoffer førsteplassen i øvinga presisjonskøyring.

Det tok dei nesten heilt til topps også samanlagt, Kristian Egge vart nr. 2 medan Kristoffer Arnes vart nr. 3.

– Det var kjekt å vere med og teste seg sjølv i forhold til andre elevar i transportfaget. Lærerikt! seier Kristian Egge til Fjordingen.

Heldt hovudet kaldt

– Å konkurrere i faget sitt framfor jury og publikum kan sikkert vere ganske nervepirrande?

– Eg var nervøs mellom kvar oppgåve/test, men akkurat under testen heldt eg hovudet kaldt og gjorde mitt beste.

– Kva nytte har de av ein slik konkurranse, trur du?

–Nytta er at du får sjå kor god du er og dessutan testa deg sjølv på nye måtar.

– Kva var kjekkast?

– Å køyre lastebilsimulatoren, både i økonomikøyring og presisjonskøyring!

Auke status og interesse

Sogn og Fjordane-meisterskapen i yrkesfag blir arrangert av fylkeskommunen i samarbeid med World Skills Norway.

World Skills Norway arbeider for å auka statusen til, interessa for og kvaliteten på yrkesutdanninga her i landet.

Bak organisasjonen står mellom andre NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon), LO (Landsorganisasjonen i Norge), KS (Kommunenes Sentralforbund) og Utdannings- direktoratet.