Planane om «Utvik Brygge» med 50 båtplassar, samt nokre gjesteplassar, har teke form. Hamna skal bestå av bølgjebrytarar i betong som strekkjer seg 60 meter ut i fjorden like ved Kafè Sjøatunet i Utvik sentrum.

Kafeverten Claus Hermansen har planlagt hamna saman med Kjell-Ove Frøyset, Remi Williams, Ola Steinar Hestenes og Arne Hage. No er dei spent på interessa for å kjøpe seg plass i ei småbåthamn i Utvik. Interessa er nemleg avgjerande for at planane skal bli realisert, forklarar dei.

"Utvik Brygge" Slik ser dei for seg småbåthamna. 60 meter ut i fjorden. Kafé Sjøatunet er bygget lengst til høgre. Foto: Skisse: Marina Solutions

– Vi vil halde eit informasjonsmøte her i Utvik 17. mars for å få ein indikasjon på interessa for båtplass. Sel vi femti prosent av plassane så startar vi opp prosjektet. I beste fall kan småbåthamna vere klar i løpet av seinsommaren i år, seier Hermansen.

Skulle interessa vere lågare enn dei håpar kan det likevel bli aktuelt å byggje hamna i ein mindre skala.

– Men femti plassar er det ideelle, seier han.

Arne Hage legg til at prisane enno ikkje er bestemt, men at småbåthamna skal etablerast etter sjølvkostprinsippet.

Vil lodde interessa – Sel vi femti prosent av plassane så startar vi opp prosjektet, seier Arne Hage og Claus Hermansen som inviterer til informasjonsmøte om hamna i Utvik 17. mars. Foto: Roger Oldeide

– Intensjonen er at dette skal gå i balanse ved hjelp av sjølvkost. Ingen skal tene pengar på dette, seier Hage.

Dei to legg vekt på at dei med båtplass vil få alt det dei treng i umiddelbar nærleik. Sanitæranlegg skal byggjast i kjellarlokala i Sjøatunet og det skal etablerast ny tankestasjon for drivstoff.

– Ein vil vere aldeles sjølvhjelpt her med tilgang til dusj, straum og vatn. Her er kafe med matservering og butikk med daglegvarer. Alt ein treng ligg innan ein radius på femti meter, seier Hage som ikkje er i tvil om at det er behov for ei ny småbåthamn i Nordfjorden.

– Fleire har spurt oss etter båtplass i området, men det finst ikkje. Kapasiteten er sprengd, seier Hage.

– Dessutan har vi jo Nordfjord si flottaste utsikt her. Vi har stor tru på dette prosjektet og det er heilt og fullt realistisk å få til, seier Hermansen.