Selskapet Olden Panorama (under skiping) ønskjer å lage eit opplevingssenter av delar av gamle Yris Hotell med formidling av historie, natur, kunst, tradisjon og enkelt servering av mellom anna lokal mat. Bygningsmassen i Olden er også tiltenkt som lokale for kurs, konferansar og selskap.

I søknaden til Stryn kommune skriv Olden Panorama at dei ønskjer at delar av gamle Yris Hotell skal "framstå som eit opplevelsessenter for bygda, kommunen og ikke minst for turistar og den aukende cruisetrafikken i området"

Søkjaren skriv at rehabiliteringskostnadane for det gamle hotellet er særs store og krevjande og at dei difor er avhengige av økonomisk støtte frå kommunen. Selskapet skal alt ha fått løyve frå Innovasjon Norge.

- Innovasjon Norge har løyvd eit tilskot på 500 000 kr. 25% er kalkulert kostnad med 3 års frist for ferdigstilling. Med dette vert det søkt Stryn Kommune om same sum 500 000 kr på same vilkår som Innovasjon Norge med ferdigstilling 2018, heiter det mellom anna i søknaden frå Olden Panorama.

Stryn kommune har tidlegare avslått liknade søknad, men det er tidlegare løyvt tilskot frå næringsfondet til "Olden togstasjon" der kroner 75.000 gjekk til prosjektutvikling, prosjektleiing og konseptutvikling knytt til utvikling av gamle Yris Hotell.

I vurderinga frå rådmannen blir det lagt vekt på at kommunen ikkje har avsett midlar i budsjettet til næringsutvikling ut over det som blir disponert gjennom kommunalt næringsfond.

- Prosjekt av denne storleiken vil normalt likevel ikkje kunne finansierast innanfor næringsfondet sine rammer. Kommunen er ikkje ei finansieringskjelde for bedrifter, ut over bruk av kommunalt næringsfond, heiter det frå rådmannen si vurdering. Det peikast det på at ein i særskilde høve kan vurdere finansiell medverknad dersom tiltaket kan definerast innan infrastruktur.

- I dette tilfellet ser ikkje rådmannen at det er tilfelle. Etter rådmannen sitt syn er dette tiltaket å sjå som eit privat kommersielt prosjekt der offentleg medverknad vert ivareteke gjennom Innovasjon Norge, skriv rådmanenn som altså avslår søknaden om delfinansiering.

Stryn formannskap skal handsame denne saka komande onsdag.