Sjur Ole Svarstad frå Markane er i sitt første VM som landslagstrenar. Svarstad vart tilsett som landslagstrenar for kvinnelandslaget i sommar, og har tidlegare vore trenar for rekruttlandslaget.

– Merkar du eit anna forventningspress enn tidlegare?

– Eg gjer for så vidt det! No er vi her med medaljekandidatar i alle øvingar. Før var det ein bonus om vi hadde folk som kvalifiserte seg, seier Svarstad, som har trenarjobben for kvinnelandslaget i langrenn saman med ein annan nordfjording, Roar Hjelmeset.

– Kva ventar de sjølve?

– Vi har nok kome hit til Lahti med store forventningar. Vi ønskjer å ta flest mogeleg medaljer, og har fleire som har hevda seg godt tidlegare i sesongen. Så vi er absolutt ambisiøse på eigne vegne!