Det er klart etter at fylkesmannen har avvist klagene frå Sogn og Fjordane fylkeskommune v/kulturavdelinga og Den norske kyrkja v/biskopen i Bjørgvin som begge rådde ifrå at det vart gjeve rivingsløyve av dei to eldre husa som ligg mellom fylkesveg 724 og kyrkjegarden i Olden.

Teknisk utval tilrådde riving

Teknisk utval i Stryn har tidlegare i si tilråding gått inn for at Anita Vigdis Guddal kan rive husa. Sektorutvalet har også vore på synfaring i Olden for å sjå på bygningane. Utvalet kom fram til at det ville bli ei stor økonomisk belastning for eigar å ta vare på bygningane, og at husa slik dei står i dag er ein fare for forbipasserande.

Guddal har fått tilbod om kjøp og hjelp til riving av bygningane, og tømmerstovene vil kjøpar sette opp att ein annan stad i kommunen. Delar av husa vil såleis bli redda.

Tok ikkje klage til følge

Teknisk utval handsama klage frå kulturavdelinga i møte i november og tok den ikkje til følgje. Kulturavdelinga på si side viste til at bygningane er gode døme på det småskala bygningsmiljøet som tidlegare omkransa Olden gamle kyrkje.

Husa vert vidare sett på som verdifulle element for å ta vare på kyrkja sine omgjevnader, samstundes som at dei bidreg til å framheve kyrkja si tradisjonelle og dominerande plassering i landskapet.

I sitt tilsvar til kulturavdelinga argumenterte Anita Guddal for at bygga ikkje har vore i bruk på lenge, og at vedlikehaldet er forsømt. Ho seier vidare i tilsvaret at bygga er skjemmande slik dei står i dag og at lause skiferheller utgjer ein fare for forbipasserande.

Saka vart då sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Ikkje i strid

Fylkesmannen skriv i si vurdering at dei ikkje kan sjå at tiltaket er i strid med føresegner gjevne i eller i medhald av plan- og bygningslova. Utgangspunktet er då at tiltaket skal godkjennast. Fylkesmannen meiner også at kommunen har lagt vekt på omsyn som er saklege og relevante for vurderinga. Fylkesmannen finn heller ikkje grunn til å kritisere kommunen sitt skjønn i saka.

Endeleg avgjerd

Vedtaket om at dei to eldre husa i Olden sentrum kan rivast er endeleg og kan ikkje klagast på heiter det i uttalen frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.