Utfylling i Vikabukta er såpass omfattande at tiltaket bør vurderast etter §12 i Vassforskrifta, heiter det i fylkeskommunen si høyringsuttale til kommunedelplanen.

I planavdelinga si høyringsuttale til Kommunedelplan Langeset-Stryn-Storesunde, skriv plansjef Synnøve Stalheim at det er sett miljømål for alle vassførekomstar i Regional plan for vassforvalting. Vikabukta inngår i vassførekomsten Strynebukta, som samla sett har fått statusen «god økologisk tilstand», sjølv om deler av bukta allereie er fylt ut.

– Det er no planar om ytterlegare utfylling, slik at deler av eller nærast heile Vikabukta vert fylt igjen. Dette vil heilt klårt gje dårlegare vilkår for vasslevande organismar i Vikabukta, heiter det i høyringsuttalen, der det vert lagt til at det óg er skissert eit alternativ der ein tek vare på leirområda lengst vest med etablering av ein kanal langs heile landsida i Grønevik-Vik for å drenere overvatn og gje tilgang til Nausta i Vik.

– Utfylling i Vikabukta er såpass omfattande at tiltaket bør vurderast etter §12 i Vassforskrifta, som omhandlar ny aktivitet eller nye inngrep. Forskrifta opnar ikkje for at det kan gjennomførast tiltak som gjer at tilstanden vert dårlegare, med mindre det kan vere grunnlag for unntak i tråd med §12 i Vassforskrifta, skriv plansjefen i utgreiinga.

I forskrifta sin §12 heiter det:

Ny aktivitet eller nye inngrep i ein vassførekomst kan gjennomførast sjølv om dette medfører at miljømåla § 4 - § 6 ikkje vert nådde eller at tilstanden vert forringa, dersom dette skuldast

a) nye endringar i dei fysiske eigenskapane til ein overflatevatnførekomst eller endra nivå i ein grunnvatnførekomst, eller

b) ny, berekraftig aktivitet som medfører forringing i miljøtilstanden i ein vassførekomst frå svært god tilstand til god tilstand.

I tillegg må følgjande vilkår verre oppfylte:

a) alle praktisk gjennomførbare tiltak må setjast inn for å begrense negativ utvikling i vassførekomsten sin tilstand,

b) samfunnsnytten av dei nye inngrepa eller aktivitetane skal vere større enn tapet av miljøkvalitet, og

c) hensikta med dei nye inngrepa eller aktivitetane kan, på grunn av manglande teknisk gjennomførbarheit eller uforholdsmessig store kostnadar, ikkje med rimelegheit oppnåast med andre middel som miljømessig er vesentleg betre.