Skisenteret har fått pengane som tilskot frå Indre Sunnmøre Gjensidige, og tysdag var det overrekking av sjekken på skisenteret i Grendadalen.

Bakgrunnen for tildelinga er at Indre Sunnmøre Gjensidige ser verdien av å bygge ein inntakskum for vatn også i eit brannsikkerheitsperspektiv.

Dugnad

Hornindal Skisenter er godt i gang med å bygge infrastruktur for planlagt snøproduksjonsanlegg, og på dugnad har dei på det næraste ferdigstilt arbeidet med å bygge inntakskum med pumpe i elva nedanfor skisenteret, og derifrå ei grøft på om lag 400 meter opp til kum og vassuttak ved nedre del av skianlegget.

Kjærkome bidrag

– Alt kan ikkje gjerast på dugnad, og denne gåva er eit kjærkome bidrag til eit viktig prosjekt som og har eit sikkerheitsaspekt i seg ved å tilføre ski- og hytteområdet tilgang til vatn i tilfelle brann, fortel styreleiar ved skisenteret, Randi Langlo.

Kunderådgjevar for landbruk og næring i Indre Sunnmøre Gjensidige, Roar Kirkhorn, seier at prosjektet er noko dei gjerne vil støtte.

– Dette er eit interessant og godt lokalt tiltak som vi bestemte oss for å gje eit bidrag til. Hornindal er også eit viktig område for oss.

Snøproduksjon

Langlo seier vidare at målet er å gjennomføre første del av infrastrukturen i 2017, slik at ein kan produsere snø i nedre del av skianlegget som er mest sårbart for snø. Målsetjinga er å fullføre prosjektet innan to-tre år, avhengig av økonomi og ekstern finansiering. Totalt vil snøproduksjonsanlegget som inkluderer to snøkanonar og nedgraven infrastruktur til å snølegge om lag 500 meter nedfart og tilsvarande heistrase ha ein kostnad på 2,3 millionar kroner pluss mva.

Finansieringa pr. i dag fordeler seg slik: Spelemidlar pålydande ein million kroner (er ikkje utbetalt), kommunalt næringsfond pålydande 400.000 kroner (halvparten utbetalt) og gåve frå Indre Sunnmøre Gjensidige på 100.000 kroner. Skisenteret har tidlegare fått avslag om støtte frå både Gjensidigestiftinga og Sparebankstiftinga, men her vil fornya søknadar bli sendt.

Ståle Raftevold er ein av fleire som har bidrege godt i dugnadsarbeidet for snøproduksjonsanlegget. Til no er det totalt lagt ned 440 dugnadstimar. foto: hornindal skisenter Foto: Hornindal Skisenter