Rådmannen si innstilling i saka var å avslå søknaden på kr. 500.000 frå Olden Panorama (selskap under skiping) til rehabilitering av Yris Hotell med det formål å etablere opplevingssenter der.

- Eg synes prosjektet verkar veldig lovande. Eg vil difor at kommunen støtter prosjektet med 25 prosent av omsøkt sum, sa Pål Vonheim (Ap) som la fram endringsforslag om å støtte prosjektet med kr 125.000.

Einsam røyst Pål Vonheim (Ap) ville støtte prosjektet i Olden med 25 prosent av omsøkt sum, men vart nedstemt. Foto: Roger Oldeide

Resten av formannskapet støtta likevel rådmannen si innstilling om å avslå søknaden.

Rådmannen har vurdert tiltaket som eit privat kommersielt prosjekt der offentleg medverknad vert ivareteke gjennom Innovasjon Norge som ønskjer å støtte prosjektet med kr. 500.000.

- Kommunen er ikkje ei finansieringskjelde for bedrifter, ut over bruk av kommunalt næringsfond. I særskilde høve kan det vurderast finansiell medverknad dersom tiltaket kan definerast som infrastrukturprosjekt og kommune har disponible midlar til slike tiltak. I dette tilfellet ser ikkje rådmannen at det er tilfelle, heiter det frå rådmannen si vurdering.