I desember 2016 var det 5.463 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Dette er 31 færre enn i desember 2015. På landsnivå er det ein auke på 3.489 personar, tilsvarande 1,1 prosent. Dette melder NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Lågare prosentdel uføre i befolkninga

I Sogn og Fjordane er det 8,1 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, mot 8,2 prosent i desember i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,4 til 9,5 prosent.

– Dette er svært positive tal med den næringsstrukturen og alderssamansetninga som vi har i Sogn og Fjordane. Dersom fylket hadde same alderssamansetning som landet, ville prosentdelen uføretrygda berre vore 7,6 prosent og mellom dei lågaste i landet, seier direktør for NAV i fylket, Tore Thorsnes.

Gradert uføretrygd

Samanlikna med desember 2015, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppa 50-54 år, med ei oppgang på 5,8 prosent.

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år. Når det gjeld dei under 30 år, er det ofte snakk om svært alvorlege diagnosar, seier Thorsnes.

I Sogn og Fjordane var det per desember 2016 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert trygd. Av dei nye mottakarane av uføretrygd i 2016, hadde 29 prosent ein gradert uføretrygd.

– Dei nye reglane frå 1. januar 2015 gjer det mykje lettare å kombinere arbeid med uføretrygd, og det er positivt at så mange nye mottakarar i vårt fylke har ein gradert uføretrygd, seier Thorsnes.

Tore Thorsnes er direktør for NAV i Sogn og Fjordane. Foto: NAV