Treskifestivalen i Stryn sentrum er godt i gang med mykje folk og stor stemning.

Etter ein fargerik og underhaldande parade i gatene og høgtideleg opning ved ordføraren vart det på tilkøyrt snø arrangert både barneskirenn og lengderenn for vaksne. Innsatsen til store og små var det ingenting å utsetje på. Om lag 100 deltok i lengderennet for dei vaksne, også dei yngste var godt representert.

Vidare utover ettermiddagen og kvelden vil det gå slag i slag med trubadur, betasuppe,premieutdeling, quiz og sagekonkurranse.