Eit omfattande arbeid pågår med å gje vegane kring om i kommunane namn. Alle kommunar er ikkje komne like langt i prosessen. Når det gjeld riksveg 15, ofte kalla livsnerven gjennom Nordfjord, har Vågsøy allereie gjort endeleg vedtak om namnet Nordfjordvegen frå Måløy til grensa mot Eid. Det har knytt seg ei viss spenning til om alle dei tre andre kommunane langs riksveg 15 i Nordfjord vil vedta det same.

Stryn og Eid samde

– Stryn har alt vedteke namnet Nordfjordvegen frå rundkøyringa i Stryn sentrum og vestover til grensa mot Hornindal. Vedtaket er gjort under føresetnad av at også Eid og Hornindal følgjer opp og gjer same namnevedtak, opplyser teknisk sjef Jan Flore.

I Eid kommune er ikkje prosessen komen like langt som i dei andre kommunane. Framlegget til vegnamn ligg no ute på høyring. Men også her er framlegget klart: Riksveg 15 skal heite Nordfjordvegen gjennom heile kommunen, frå Vågsøy grense i vest til Hornindal grense i aust.

Hornindal samordnar

I Hornindal kommune er mesteparten vedteke og klart med omsyn til adresseprosjektet. Når det gjeld den fire kilometer lange riksveg 15-strekninga frå Skåpavika til Sindre, har kommunen venta på ei avklaring frå Stryn og Eid.

– Frå administrasjonen si side har vi vore klare på at ei samordning med nabokommunane er ønskeleg, seier utviklingssjef Ståle Hatlelid. -Når det no går i retning Nordfjordvegen både i Stryn, Eid og Vågsøy, vil det same vere naturleg på den delen av riksveg 15 som går gjennom Hornindal.

Mil etter mil

Dermed blir det Nordfjordvegen på heile den ti mil lange strekninga mellom Stryn og Måløy. I Stryn kommune er det i alt 121 vegparsellar som skal få namn. Det står att 56 adresseparsellar der det ikkje er vedteke namn enno.

– Mange innspel og høyringsinstansar gjer det til ein omfattande prosess å bestemme namn og skrivemåtar. Målet er å vere ferdige med prosessen og få skilta på plass i løpet av 2018, seier Anita Elin Myklebust, avdelingsleiar kart og oppmåling i Stryn kommune.