Førstkomande torsdag skal kommunestyret i Hornindal velje to personar til å sitje i komitéen for namn og heraldikk (kommunevåpen) til nyekommunen med Volda. Tilsvarande skal Volda velje sine to representantar.

Namne- og heraldikk-komitéen skal leiast av ein nøytral fagperson som ordførarane i dei to kommunane har fått i oppgåve å finne. Denne skal vere på plass, men ikkje offentleg enno, dette i følgje hornindalordførar Stig Olav Lødemel.

Framlegg skal vere klart innan utgangen av 2017.