Med tre kampar att å spele ligg Stryn godt an til å sikre seg spel i 2. divisjon neste sesong. Hovudutfordrar Os har gått på to tap på sine tre siste kampar og ligg poenget bak Stryn med ein kamp meir spelt. Det betyr at Stryn har alt i sine eigne hender og kan avgjere til sin fordel på eiga hand.

Seks strake

Stryn står med seks strake sigrar i serien, og laget har ikkje tapt sidan november.

– To poeng er det vi går for, seier lagleiar Johnny Hove. Han kan rapportere om gode treningar i det siste og god stemning i laget.

Å halde fokus blir viktig meiner Hove, sjølv om Stryn no møter dei tre nedste laga på tabellen i dei siste kampane.

– Motstandarane våre framover treng poeng for å halde seg i divisjonen, og vi veit ikkje kva mannskap dei vil stille med, fortel Hove.

Siste heimekamp

Laurdagens kamp er siste sjanse for å få sett herrelaget i aksjon på heimebane denne sesongen. Med tilnærma fullt lag håpar dei på god støtte frå tribunene.

Vegard Aaland, Nicolas Bakkebø og Gunnar Sigurdsson er alle høgst truleg tilbake i troppen til kampen i helga.