– Turistsesongen er rett om hjørnet, så dette begynner å haste. Vi har allereie løysinga med nye kart klar, sa Marita Lindvik. Onsdag orienterte ho formannskapet om Visit Nordfjord sin søknad om støtte til å oppdaterte kart over Stryn og Nordfjord med unisone logoar og ny layout.

Planane inngår i konseptet om å selje inn Nordfjord som ein heilskap der ein får "Alt i ein fjord".

Mellom anna er det også planar om å etablere ei rekkje "selfie-punkt" rundt om i kommunen.

- Dette handlar og om å få vist seg fram på sosiale media, informerte Lindvik.

Eit omsøkt beløp på snautt 85.000 vart lagt fram for formannskapet, men kostnaden kunne likevel bli opptil fire gangar høgare for full dekning.

– Eg vil legge til at dette er ei kommunal oppgåve, argumenterte Lindvik.

Ordføraren gav uttrykk for at beløpet var høgt og at fleire aktørar som tener pengar på turistane burde ta del i spleiselaget. Sven Flo ville dessutane ha meir konkrete tal, samt eit nytt møte for ein lagsiktig plan før formannskapet gir sitt svar på søknaden frå Visit Nordfjord.