Det vart ein 14. plass i Granåsen i Trondheim torsdag for Anders Fannemel. Han hoppa to jamne hopp på 128 og 129 meter, og avanserte tre plassar etter den første omgangen. Beste nordmann vart Andreas Stjernen på 2. plass.

Igjen var det austerrikske Stefan Kraft som sigra. Han leiar også i samandraget før dei avsluttande renna i Vikersund. Der opnar helga med individuelt renn fredag kveld, før lagkonkurranse laurdag og nytt individuelt renn søndag. Fredagens renn er ei erstatning for det avlyste rennet på Lillehammer tidlegare denne veka.