– Vi reiser nedover allereie fredag seier Idar Nygård i fanklubben. Nygård ser fram til mange lange svev i Vikersund, og han har god tru på at Anders Fannemel vil få det til i bakken han sette verdsrekorden sin den 15. februar 2015.

–Anders har ein oppadgåande kurve, så dette har vi tru på seier ein optimistisk Nygård, som sjølv fekk oppleve rekordhoppet på 251, 5 meter.

– Det var rett og slett svært, det var nesten som han aldri skulle lande, mimrar Nygård.

Trur på ny rekord

– Mulegheita for nye rekordar i Vikersund er absolutt til stades. Og Anders er ein av dei som er god nok til å strekke seg endå lenger, fortel Nygård.

God stemning

Nygård fortel vidare at det alltid er god stemning på slike hopprenn.

– Mykje folk og mange nasjonalitetar på tribuna. Spesielt polakkane er interesserte, og dei lagar alltid god stemning seier Nygård, spent på om Anders Fannemel på ny kan nå langt i Vikersund.