Vikersund Fanklubben til Anders Fannemel var på plass i Vikersund då han sette verdsrekorden på 251,5 meter 15. februar 2015. Idar Nygård nummer tre frå høgre. (Foto: Tadeusz Mieczynski)

Vikersund Fanklubben til Anders Fannemel var på plass i Vikersund då han sette verdsrekorden på 251,5 meter 15. februar 2015. Idar Nygård nummer tre frå høgre. Foto: Tadeusz Mieczynski

Håpar på ny verdsrekord av Anders

Anders Fannemel og co. avsluttar Raw Air med skiflyging i Vikersund. Honndølen sin fanklubb er sjølvsagt på plass.

– Vi reiser nedover allereie fredag seier Idar Nygård i fanklubben. Nygård ser fram til mange lange svev i Vikersund, og han har god tru på at Anders Fannemel vil få det til i bakken han sette verdsrekorden sin den 15. februar 2015.

–Anders har ein oppadgåande kurve, så dette har vi tru på seier ein optimistisk Nygård, som sjølv fekk oppleve rekordhoppet på 251, 5 meter.

– Det var rett og slett svært, det var nesten som han aldri skulle lande, mimrar Nygård.

Trur på ny rekord

– Mulegheita for nye rekordar i Vikersund er absolutt til stades. Og Anders er ein av dei som er god nok til å strekke seg endå lenger, fortel Nygård.

God stemning

Nygård fortel vidare at det alltid er god stemning på slike hopprenn.

– Mykje folk og mange nasjonalitetar på tribuna. Spesielt polakkane er interesserte, og dei lagar alltid god stemning seier Nygård, spent på om Anders Fannemel på ny kan nå langt i Vikersund.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Utvik:

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Vil kjøpe dette bygget

Drivar av "Løvland - spiseri og pub" vil ekspandere på Grodås

Ny rapport viser at komande vegprosjekt i NTP kan ryke:

Fleire vegprosjekt trua av enorm kostnadsauke

Forsikringsselskap besøkte Utvik

- 40 skadeforhold så langt