Holmenkollen er arena for den siste runden i verdscupen for skiskyttarane.

Det er eit tettpakka program Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø og resten av skiskyttareliten skal gjennom i Holmenkollen.

Tre konkurransar

Det heile startar fredag med 10 kilometer sprint. Laurdag går jaktstarten over 12,5 kilometer medan verdscupen avsluttar med 15 kilometer fellesstart søndag.

Gler seg

Landslagstrenar Egil Kristiansen seier til Fjordingen at Johannes og Tarjei gler seg til å vise seg fram i Kollen.

– Alt står bra til, og etter planen går stryningane alle distansane.

Det betyr at markaneløparane kjem til å sanke godt med verdscuppoeng denne helga.

Johannes nummer tre

Martin Fourcade frå Frankrike er suveren på toppen av verdscuplista med 1228 poeng så langt, med russaren Anton Shipulin på andreplass med 805 poeng. Johannes Thingnes Bø ligg som nummer tre med 700 poeng, tett følgt av tyskarane Arnd Peiffer (680) og Simon Schempp (673). Tarjei Bø ligg på 47. plass med 125 poeng.

Youngstar

Like i etterkant av jaktstarten for seniorane laurdag går Oskar Guddal Breivik (Markane IL), Martin Aaland (Hardbagg IL) og Lasse Flo Bødal (Stårheim IL) youngstar, eit skiskyttarrenn som samlar dei 30 beste 15 og 16-åringane i landet.

- Blir eg topp 15 er eg fornøgd, seier ein spent Oskar Guddal Breivik (15).

Lasse Flo Bødal, Oskar Guddal Breivik og Martin Aaland er kvalifisert til å gå youngstar i Holmenkollen. Foto: Nordfjord Team Skiskyting