Laurdag er det klart for årets revy med Strynerussen. Høgaktuelle tema er noko av det publikum vil få servert.

Då Fjordingen var innom kulturhuset onsdag ettermiddag var det ein forholdsvis avslappa revygjeng som skulle starte dagens øving.

–Vi er ein god gjeng, og øvingane har gått bra trass i at vi kanskje har hatt litt lite tid seier sjef for årets revy, Tonje Gjengedal Olsbø.

Reprise

Årets revy går under namnet «Reprise med Strynerussen 2017». Avgangselevane vil sjå tilbake på året som har gått med eit aldri så lite skråblikk, og her er nok av høgaktuelle tema som blir belyst.

Det amerikanske presidentvalet og Donald Trump får sjølvsagt merksemd, det same gjer Therese Johaug-saka og oppstyret rundt Rema 1000 sin bestevennstrategi. Parodiar på Farmen og Skam blir også å sjå i årets revy.

50 russ deltek

– Rundt 50 russ er med i årets revy seier revysjef Tonje Gjengedal Olsbø, som trur publikum vil kose seg på revyen som på det næraste er utseld.