Russerevy 2017 Programleiarane Jonathan Silden (t.v.) og Mathias Hidalgo i lag med revysjef Tonje Gjengedal Olsbø ser fram til årets russerevy som byr på mykje høgaktuelt stoff.
            (Foto: Thomas Thaule)

Russerevy 2017 Programleiarane Jonathan Silden (t.v.) og Mathias Hidalgo i lag med revysjef Tonje Gjengedal Olsbø ser fram til årets russerevy som byr på mykje høgaktuelt stoff.Foto: Thomas Thaule

Skråblikk frå Strynerussen

Laurdag er det klart for årets revy med Strynerussen. Høgaktuelle tema er noko av det publikum vil få servert.

Då Fjordingen var innom kulturhuset onsdag ettermiddag var det ein forholdsvis avslappa revygjeng som skulle starte dagens øving.

–Vi er ein god gjeng, og øvingane har gått bra trass i at vi kanskje har hatt litt lite tid seier sjef for årets revy, Tonje Gjengedal Olsbø.

Reprise

Årets revy går under namnet «Reprise med Strynerussen 2017». Avgangselevane vil sjå tilbake på året som har gått med eit aldri så lite skråblikk, og her er nok av høgaktuelle tema som blir belyst.

Det amerikanske presidentvalet og Donald Trump får sjølvsagt merksemd, det same gjer Therese Johaug-saka og oppstyret rundt Rema 1000 sin bestevennstrategi. Parodiar på Farmen og Skam blir også å sjå i årets revy.

50 russ deltek

– Rundt 50 russ er med i årets revy seier revysjef Tonje Gjengedal Olsbø, som trur publikum vil kose seg på revyen som på det næraste er utseld.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Strynejente opplevde brannen på nært hald:

Maria (17) tett på storbrann i California

Livsviktig fullskalaøving

Torsdag avslutta redningstenestene i Nordfjord eit vekelangt kurs med fullskalaøving.

Følg med på kjøp og sal der du bur

Få oversikt over kva eigedomar som er kjøpte og selde i Stryn og Hornindal. Dette er eit tilbod til dei som abonnerer på Fjordingen. Kartet gir oversikt over kjøp og sal av eigedom for dei siste 30 dagane.

Operaen «Sildagapet» gjekk for smekkfulle hus:

– Hjartevarmande respons!

Søndag er det klart for TV-aksjonen

Verdas største dugnad