Johannes kjempa om sigeren heile løpet, men måtte til slutt sjå Shipulin og Fourcade føre seg i mål. Her gratulerer verdscupen sine tre beste løparar kvarandre etter målgang.
(Foto: Roy Aron Myklebust)

Johannes kjempa om sigeren heile løpet, men måtte til slutt sjå Shipulin og Fourcade føre seg i mål. Her gratulerer verdscupen sine tre beste løparar kvarandre etter målgang. Foto: Roy Aron Myklebust

Sliten Johannes med nytt pallbesøk

HOLMENKOLLEN: Johannes Thingnes Bø kjempa om sigeren på jaktstarten heilt til det siste -i alle fall til siste skyting.

Årets tre beste i verdscupen, Anton Shipulin(2), Bø (3) og Martin Fourcade (1) kom, samla inn til siste skyting. Der var det derimot berre russaren som lukkast med å få ned alle blinkane, og fekk eit forsprang på 21 sekund på dei to konkurrentane som fekk ein strafferunde kvar. I bakken opp Gratishaugen måtte Bø sleppe Fourcade, og glei i mål som tredjemann.

- Eg hadde rett og slett ikkje meir å gå med i dag, så eg er eigentleg fornøgd, oppsummerte ein sliten Johannes etter løpet. Han innrømmer at ein lang sesong kjennest i beina, men er likevel ikkje lei av skirenn.

- Vi Bøarar blir aldri lei av å konkurrere, ler 23-åringen.

Storebror Tarjei gjekk også i dag eit bra langrenn, men gjorde det vanskeleg for seg sjølv med fem straffeundar.

- Det blei eit steg fram og så tilbake, sa Tarjei etter målgang som nummer 14.

No ser begge fram mot den avsluttande fellesstarten i morgon.

- No mobiliserer eg alt for å gå best muleg der, og kanskje litt meir taktisk enn i dag, seier Johannes.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Prøveprosjekt med seniorfilm

– Meir av dette, takk

Den første seniorfilmen i regi av Stryn og Hornindal Pensjonistlag og Stryn kulturhus vart ein kjempe-suksess.

Heimevernsleiinga i Møre og Fjordane:

- Uroleg for framtida