Etter to sterke løp av Johannes Thingnes Bø, med førsteplass på sprinten og tredjeplass på gårsdagens jaktstart, vart det dessverre inga pangavslutning for tredjemann i verdscupen samanlagt.

Johannes starta med to bom på den første skytinga og vart tidleg hekta av tetstriden. Med nye to bom gav ein sliten Bø opp å kjempe og vart til slutt nest sist av dei 30 startande.

Også Tarjei pådrog seg for mange besøk i strafferunden til å blande seg inn i tetstriden, men vart med sine tre bom best av brørne med ein 12. plass, 1.06 bak vinnaren Fourcade. Latviske Rastorgujevs vart nummer to og Eder frå Austerrike nummer tre.