Fylkesmannen varslar oppstart av verneprosess for fire område i Sogn og Fjordane, eitt av dei i Stryn og Gloppen.

Grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern av desse skogområda i Sogn og Fjordane:

•Stordalen naturreservat i kommunane Gloppen og Stryn

•Kaupanger Vest naturreservat i Sogndal kommune

•Kaupanger Aust naturreservat i Sogndal kommune

•Utviding av Ytamo naturreservat i Luster kommune

Fylkesmannen har difor sett i gang verneprosess for oppretting av naturreservat, som er den aktuelle verneforma.

– Det er til dels store verneverdiar i dei fire områda, opplyser Tom Dybwad hos fylkesmannen i ei pressemelding.

Det er no opna for innspel, før eit framlegg til vern blir sendt ut på høyring, truleg i mai.

Det planlagde verneområdet Stordalen ligg både i Gloppen og Stryn, og har namn etter eit mindre område omlag midt i. Det planlagde verneområdet omfattar i alt ca. 9.800 da.

I utkastet til verneplan for barskog i Vest-Norge (DN-rapport 1992) fekk Stordalen verneverdien «*** Nasjonalt verneverdig».