6BC ved Tonning skule plukka torsdag søppel i området rundt skulen. Dette gjorde dei heilt frivillig og dei brukte berre friminutta på det. Dei er sjokkerte over kor mykje søppel folk kastar i naturen. Dei oppfordrar alle til å bruke søppelbøtter og til å plukke opp det dei finn av plastikk og anna rusk, fortel ein lærar ved Tonning skule.