Både Hemsedal, Hardangervidda og Filefjell blir stamveg:

- Ingen direkte konsekvensar for Rv 15 Strynefjellet

–Det er ei grei sortering av dei ulike funksjonene desse tre vegane skal ha i framtida. Eg meiner dette ikkje får direkte konsekvensar for Rv 15 Strynefjellet, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel. Foto: Harald Vartdal (arkivfoto)

Nyhende

Samarbeidspartia og regjernga seier «ja takk - alle tre» til både  Rv 52, Rv 7 og E 16 som stamveg aust-vest.

E134 Haukeli er tidlegare utpeika som den eine stamvegen. Måndag var det venta at regjeringa skulle peike ut den andre, men i staden vart det presentert ei tredeling mellom Rv 52 Hemsedal, Rv 7 Hardangervidda og E 16 Filefjell. – Rv 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk med vekt på turisme, og av omsyn til villreinproblematikken. Rv 52 Hemsedal skal vere hovudvegsamband for næringstransport. Her skal det leggast vekt på å få trafikken bort frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet. E16, som er vintersikker men har lengst køyreavstand Oslo-Bergen, skal fullførast og vil vere viktig som avlastningsveg når andre fjellovergangar er stengd, opplyser stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) til Fjordingen.

– Kva vil valet av denne tredelte løysinga ha å seie for framtida for Rv 15 Strynefjellet?

–Eg meiner dette ikkje får direkte konsekvensar for Rv 15 Strynefjellet. Det er ei grei sortering av dei ulike funksjonene desse tre vegane skal ha i framtida. Eg vil følgje opp Rv 52 framover og arbeide for å få prioritert dei langsiktige tiltaka på Rv 52 og dei tilgrensande vegane frå vårt fylke.