Takka vere ny informasjon på nettsidene til Statens vegvesen, kan du no lettare sjekka kor miljøvennleg eller forureinande ein bil er om du skal kjøpa bruktbil.

Dei nye utsleppsopplysningane er lagt inn på nettsida Kjøretøyopplysninger på vegvesen.no. Denne sida er den mest besøkte sida til vegvesen.no og har kvart døgn rundt 85.000 besøk.

– Vi viser CO2- og NOx-utslepp, miljøklasse og du kan sjå om ein dieselbil har partikkelfilter. For deg som er oppteken av miljøet kan dette vera nyttig informasjon å sjekka før du til dømes kjøper bruktbil, seier sjefingeniør Erik Sætre i Statens vegvesen.

Han peikar på eldre bilar kan mangla miljøinformasjon.

På sida kan du frå før sjekka når bilen sist har vore på EU-kontroll, kilometerstand og kor mange hestekrefter bilen har.

I tillegg har vegvesen no utvida tenesta med ei oversikt som viser toppfarten til eit køyretøy. Dette kan ha noko å seia når du skal kjøpa dekk til bilen, skriv Vegvesenet. (©NPK)