Skal du kjøpa bruktbil og er oppteken av miljøet, kan du no lettare sjekka utslepp hos bruktbilar. (Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK)

Skal du kjøpa bruktbil og er oppteken av miljøet, kan du no lettare sjekka utslepp hos bruktbilar. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Lettare å sjekke bruktbilar og utslepp

Takka vere ny informasjon på nettsidene til Statens vegvesen, kan du no lettare sjekka kor miljøvennleg eller forureinande ein bil er om du skal kjøpa bruktbil.

Dei nye utsleppsopplysningane er lagt inn på nettsida Kjøretøyopplysninger på vegvesen.no. Denne sida er den mest besøkte sida til vegvesen.no og har kvart døgn rundt 85.000 besøk.

– Vi viser CO2- og NOx-utslepp, miljøklasse og du kan sjå om ein dieselbil har partikkelfilter. For deg som er oppteken av miljøet kan dette vera nyttig informasjon å sjekka før du til dømes kjøper bruktbil, seier sjefingeniør Erik Sætre i Statens vegvesen.

Han peikar på eldre bilar kan mangla miljøinformasjon.

På sida kan du frå før sjekka når bilen sist har vore på EU-kontroll, kilometerstand og kor mange hestekrefter bilen har.

I tillegg har vegvesen no utvida tenesta med ei oversikt som viser toppfarten til eit køyretøy. Dette kan ha noko å seia når du skal kjøpa dekk til bilen, skriv Vegvesenet. (©NPK)

 

 

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Olden Brevatn AS:

Tilbake i full produksjon

– Det blir viktig med ein god sesong no, seier fabrikksjef ved Olden Brevatn AS, Rune Rustøen etter vinterens permitteringar

Norwegian Travel Workshop (NTW) i Bergen:

Reiselivsnæringa byr seg fram for 32 land

Kva skal nyekommunen heite?

Namneforslaga strøymer på

Responsen har vore god etter at fellesnemnda for samanslåing av Hornindal og Volda gjekk ut og inviterte folk til å kome med forslag på kommunenamn.

Olden Brevatn AS:

Tilbake i full produksjon

– Det blir viktig med ein god sesong no, seier fabrikksjef ved Olden Brevatn AS, Rune Rustøen etter vinterens permitteringar