Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Nordmenn framleis negative til dab-radio

I ei ny undersøking svarar 55 prosent av dei som er spurde at dei er negative til innføringa av dab-radio i Norge.

Éin av tre har heller enno ikkje skaffa seg ein slik radio. Undersøkinga er gjort i februar, rundt ein månad etter at Nordland som første fylke sløkte FM-nettet for riksdekkjande radio og same månad som Trøndelag og Møre og Romsdal gjorde det same.

Berre 31 prosent av dei som er spurde stiller seg positive til innføringa av digital radio.

– Det er vanskeleg å få stor entusiasme for ei omlegging som folk ikkje oppfattar som eit stort framsteg. Dab betyr nok meir for dei som sender radio enn dei som tek imot radio, trur professor Frank Aarebrot. Han er fagleg ansvarleg for undersøkinga som er utført av Respons Analyse for Nordiske mediedager.

Meininga er at heile FM-bandet gjennom året blir sløkt for landsdekkande radiostasjonar, mens fleire lokale nærradiostasjonar skal halde fram med å sende på FM-bandet, i første omgang ut 2021.

Undersøkinga, som er ein del av den årlege Medieundersøkelsen, viser også at det ikkje er dei eldre som nødvendigvis er mest negative til innføringa av ny radioteknologi, heile 51 prosent av dei som er spurde under 31 år er negative til dab-radio.

Heile 37 prosent av dei som er spurde seier at dei ikkje har skaffa seg dab-radio enno. Det svarar til nærmare 867.000 husstandar. 32 prosent av dei som er spurde svarar at dei har éin dab-radio, medan 30 prosent har fleire.

Ei undersøking som Digitalradio Norge gjorde tidlegare i månaden, viste at radiolyttinga i Nordland gjekk ned frå 74 prosent til 64 prosent etter at riksradioane sløkte sine FM-sondere i fylket i januar.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Olden Brevatn AS:

Tilbake i full produksjon

– Det blir viktig med ein god sesong no, seier fabrikksjef ved Olden Brevatn AS, Rune Rustøen etter vinterens permitteringar

Norwegian Travel Workshop (NTW) i Bergen:

Reiselivsnæringa byr seg fram for 32 land

Kva skal nyekommunen heite?

Namneforslaga strøymer på

Responsen har vore god etter at fellesnemnda for samanslåing av Hornindal og Volda gjekk ut og inviterte folk til å kome med forslag på kommunenamn.

Olden Brevatn AS:

Tilbake i full produksjon

– Det blir viktig med ein god sesong no, seier fabrikksjef ved Olden Brevatn AS, Rune Rustøen etter vinterens permitteringar