I fjor gjekk 29 prosent av investeringstilskota til personlege støttemottakarar frå Innovasjon Noreg til personar under 35 år. 
            (Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK (Illustrasjonsfoto))

I fjor gjekk 29 prosent av investeringstilskota til personlege støttemottakarar frå Innovasjon Noreg til personar under 35 år. Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK (Illustrasjonsfoto)

Meir investeringsmidlar til unge bønder

I fjor gjekk 29 prosent av investeringstilskota til personlege støttemottakarar frå Innovasjon Noreg til personar under 35 år. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2015, og ein markant auke frå 2010/11, då 19 prosent av tilskota gjekk til denne aldersgruppa.

– Investeringsverkemidlane er viktig for rekruttering til landbruket, både fordi unge investerer i større grad enn eldre og delvis fordi mange eldre som investerer gjer dette for å legge til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er difor særskilt prioritert i delar av regelverket. I jordbruksmeldinga er dette foreslått forsterka, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Gjennom jordbruksavtala blir det løyvd tilskotsmidlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. I 2017 er det avsett 574,5 millionar kroner til formålet. Innovasjon Noreg sin rapport for 2016 viser at det er stor etterspurnad etter midlane. Totalt vart det innvilga i overkant av 544,4 millionar kroner i støtte fordelt på 1.242 søknader. Investeringsverkemidlane skal både leggje til rette for modernisering og effektivisering i det tradisjonelle landbruket og for auka sysselsetting innan andre landbruksbaserte næringar.

84 prosent av pengane gjekk til investeringar i tradisjonelt landbruk, der investeringsprosjekt innan mjølk- og storfeproduksjon dominerer.

(©NPK)


Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet vil ha grensa ved Kjøshammaren

Tilrår at heile Kjøs vert innlemma i Stryn.

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Fylkesutvalet vil ha grensa ved Kjøshammaren

Tilrår at heile Kjøs vert innlemma i Stryn.

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Ros for god utgreiing om grensejustering

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland fekk stor ros for ei god saksutgreiing då Fellesnemnda for nye Volda kommune handsama saka om grensejustering mellom Stryn og Hornindal torsdag.

Tilrår å avvise alle klagar

Rådmannen tilrår formannskapet å avvise klagene på tildeling av Oldenleiarne

Utbetring av dam Holevatnet

Prislapp på 19,5 millionar

Ber formannskapet om fullmakt til låneopptak