– Det finst sikkert mange med idear og ferdigheiter som kan bidra opp mot senteret visst dei ønskjer det. Senteret er meir innbyggjarane sitt enn mitt, smiler dagleg leiar Mari Jacobsen. Ho tok til i jobben for to veker sidan.

Oppretting av ei såkalla vennegruppe til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er difor noko styret ønskjer å prioritere. Torsdag er det invitert inn til informasjonsmøte der den nye leiaren vil presentere seg sjølv og ideane for dei frammøtte. Vennegruppe er eit av tiltaka som skal luftast.

– I vedtektene står det mellom anna at Jostedalsbreen Nasjonalparksenters Venneforening (JNV) er ei foreining som har som føremål å støtte verksemda og føremålet til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Foreininga har sete i Oppstryn. Støtta til nasjonalparksentert kan ytast på ulike måtar, til dømes økonomisk eller fagleg, eller som arbeidsressursar, seier Jacobsen.

Leiaren for JNV vil få plass i styret, og vere representant for eventuelle undergrupper ein måtte finne teneleg å opprette.