På seniorsida er det Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven som stiller frå indre Nordfjord ved sidan av Bø-brørne. Men begge løparane innrømmer at fire månader med konkurransar tærer på motivasjonen og kreftene.

– NM kjem eigentleg alt for seint på sesongen. Ein er begynt å bli litt lei og sliten. Men eg tenkjer at eg får treffe blinkane først og fremst, så går ein deretter. Forma har vore skral etter at eg vart sjuk på norgescupen i Steinkjer. Først måndag hadde eg ei økt som eg syntes fungerte, seier Midthjell Gjørven. Han er spent på korleis kroppen vil respondere på fire konkurransar på fire dagar med ei slik oppkøyring.

Skal grave fram ekstra krefter

NM startar med stafettar torsdag, før sprint fredag, jaktstart laurdag og fellesstart søndag.

– Eg tykkjer sjølv det er veldig artig å gå jaktstart, men det blir det kun dersom sprinten går godt óg, seier Midthjell Gjørven.

Sogn og Fjordane stiller truleg med to herrelag og eit damelag på stafetten i ettermiddag.

- Det hadde vore kjekt om eg og Johan Eirik fekk gå stafett ilag. Vi gjekk begge gode etappar på mixstafetten i Os, så stafettforma er vi gode på, seier Midthjell Gjørven.

Topp ti

Lagkamerat og konkurrent Johan Eirik Meland har valt å la kroppen kvile seg inn mot meisterskapen, som vert arrangert av Bossmo & Ytteren idrettslag.

– Eg var sliten etter Os, men har fått kvilt bra. Muleg eg har kvilt på meg ein kilo eller to, men det går eg av meg på stafetten, spøkar Meland.

Når det gjeld dei individuelle løpa er ambisjonen ei topp-ti plassering.

– Då skal eg vere strålande nøgd med helga, seier han.

Pallkandidatar i NC-finalen

Det er også lagt norgescupfinale for juniorar til Mo i Rana. Der stiller dei lokale løparane Isak Hopland, Simon H.Kirkeeide, Aksel M. Meland og Vegard Skrede.

– Her er både Simon, Vegard og Aksel pallkandidater på ein god dag. Aksel har vore plaga med sjukdom, så litt usikker på formen. Isak er god nok til topp- 10 i 19-årsklassen om han får klaff på standplass, seier trenar Anders Vonheim.

Frå Nordfjord Team skiskyting stiller også løparar frå Stårheim og Sunnylven.