Sogn og Fjordane vann dagens skiskyttarstafett i NM i Mo i Rana med minst muleg margin då Johannes Thingnes Bø slo Emil Hegle Svendsen i eit durabeleg spurtoppgjer på siste etappe.

Jarle Midthjell Gjørven frå Markane slo an tonen og gjekk ein solid førsteetappe i varierande verforhold, og markaneløparen veksla som nummer sju. Fram til førsteplassen var det berre halvminuttet.

- Det vart litt knoting på ståande skyting, men alt i alt er eg veldig fornøgd med etappen min, seier stryningen.

Ole Martin Erdal frå Førde skaut også utan å pådra seg strafferundar, og Sogn og Fjordane veksla som nummer seks etter andre etappe, 1.04 minutt bak Sør-Trøndelag 1.

Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) hadde også ein god dag og veksla med Johannes Thingnes Bø som kunne gå ut som nummer tre på siste etappe, berre 15 sekund bak Buskerud 1 som då var i tet.

Det skulle etter kvart bli ein rein duell mellom Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen (Sør-Trøndelag 1) om kven som ville stikke av med gullet.

- Det var tett heile vegen, men eg greidde å kome meg dei nødvendige centimetrane føre Emil i mål, seier ein glad Johannes Thingnes Bø på telefonen til Fjordingen.

- Sogn og Fjordane vart i fjor nummer to, så siger smakte ekstra godt i år fortel Jarle. Også den gong gjekk han opningsetappen.

Jarle Midthjell Gjørven skal gå fleire løp i Mo i Rana i dagane framover, medan Johannes sesongavsluttar med sprinten i morgon.

Sogn og Fjordane sitt andrelag med Johan Eirik Meland, Vegard Skrede, Johan Olav Smørdal Botn og Trygve Aaland Tryggestad gjorde også sine saker særs bra og gjekk inn til ein 13. plass på stafetten.