Måndag denne veka vart dei tre mistenkte i minibank-saka varetektsfengsla for fire nye veker. I følgje kjennelsen frå Fjordane tingrett er det sidan førre fengslingsmøte kome til ytterlegare tre forhold som politiet mistenkjer dei tre å stå bak. Det betyr to forhold i tillegg til Stryn og Skei. Retten baserer dette blant anna på overvakingsbilde og felles bruk av leigebil som gir klare indikasjonar på at dei sikta har operert saman. Etterforskinga så langt viser at dei grove tjuveria frå ulike minibankar har vore utført på liknande vis.

Først på Austlandet

– Etterforskinga pågår framleis for fullt, men gjennom arbeidet vi har gjort så langt, meiner politiet å sjå eit mønster etter at mennene kom inn i landet tidlegare i februar. Vi meiner dei same personane står bak tilsvarande innbrotsforsøk ved minibankar i Vestfold og Akershus, før dei reiste til Skei og deretter Stryn, opplyser lensmann Lasse Trosdahl.

– Har mennene fått ut pengar gjennom innbrotsforsøka?

– Ja, vi har grunn til å meine at dei har fått ut mindre beløp frå eit par av minibankane, seier Trosdahl. Han ønskjer ikkje seie kvar mennene eventuelt har lukkast i å få ut pengar.

Same framgangsmåte

Lensmannen stadfestar at framgangsmåten har vore den same alle stader. Fjordingen observerte at det var bora to hol i frontpanelet på minibankan i Stryn. Foto av minibanken på Skei viser det same.

– Vi har ikkje sett mange slike tilfelle i Norge tidlegare, seier lensmann Trosdahl.

Dei tre mennene som er høvesvis 29, 31 og 37 år gamle, vart stogga av politiet på Lom etter innbrotsforsøket i Stryn natt til 23. februar. Bilde frå fleire overvakingskamera i Stryn kombinert med gode vitneobservasjonar frå publikum gjorde at politiet visste mennene flykta langs Strynefjellsvegen. Dermed kunne politiet pågripe dei tre halvannan time etter at dei stakk av frå Stryn.

I bilen dei køyrde fann politiet blant anna to driller, ein kvit sprayboks, plast og arbeidshansker samt ein bærbar PC der skjermen viste søk etter minibank i Norge.

Mennene er no varetektsfengsla fram til 21. april.

Kvit spray: Overvakingskameraet ved Sparebanken Vest i Stryn var spraya med kvit måling. Foto: Bengt Flaten
Skei: Minibanken på Skei viste seg å vere utsett for tilsvarande innbrotsforsøk som i Stryn. Foto: Politiet