Regjeringa valde ei Ole Brumm-løysing, og sa ja takk ikkje berre til begge delar, men til tre ulike vegtrasear mellom Aust- og Vestlandet. Før offentleggjeringa av kva som skal vere den nordlege hovudfartsåra mellom Austlandet og Vestlandet, var det knytt stor spenning til om regjeringa ville velje rv 52 Hemsedalsfjellet eller rv 7 Hardangervidda. Difor vart mange overraska då regjeringa valde å satse på heile tre vegstrekningar.

No går regjeringa inn for rv 52 som hovudveg for tungtransporten. Samtidig skal opprustinga av E16 over Filefjell fullførast, slik at denne kan vere avlastingsveg når andre overgangar er stengde. Regjeringa ønskjer rv 7 Hardangervidda som hovudsamband for persontrafikk. Frå før er E134 Haukelifjell vald som den sørlege hovudfartsåra aust-vest.

Etter at forslaget vart offentleggjort, er det reist kritikk frå mange hald. Kritikken går på at regjeringa ikkje klarer å prioritere, og at denne løysinga kan ende opp med fire halvgode eller halvdårlege stamvegar.

Kritikken er forståeleg, dersom ein har ståstad anten nær Hemsedalsfjellet eller nær Hardangervidda. Årsaka til at regjeringa vel ein kombinasjon, er så enkel at vegane ligg der allereie, at dei treng opprusting og at dei ligg så langt frå kvarandre at dei i mange tilfelle tener ulike brukargrupper. Om regjeringa hadde sagt at stamvegen skal gå anten over Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet, måtte det uansett setjast av midlar til opprusting og vedlikehald av den vegen som ikkje vart vald. Å stengje eksisterande vegsamband er inga aktuell løysing.

Like lite som Hardangervidda er tenleg for mange av brukarane av Hemsedalsfjellet, er Hemsedalsfjellet lite tenleg for mange av dei som nyttar rv 15 Strynefjellsvegen. Difor er det eit like stort krav frå heile Sunnmøre og Nordfjord at regjeringa finn midlar for nødvendig opprusting av Strynefjellsvegen.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har uttalt at opprusting av eksisterande tunnelar ikkje er vegen å gå. Samtidig har han sagt at kryssingspunkt mellom rv 15 og E39 var ein av årsakene til val av E39 langs indre linje.Det vert forventa positive signal om Strynefjellsvegen når Nasjonal Transportplan vert presentert om kort tid.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør