Linda Gytri frå Oldedalen er ein av musikarane som er med i musikkprosjektet Arvesølvet. Dette får urpremiere i kveld på Førdefestivalen.

Fire musikarar har fått utforske og leike med musikk frå fylkesarkivet si samling med meir enn 16.000 historiske lydopptak. Musikarane Erlend Apneseth, Øyvind Hegg- Lunde, Hilde Marie Holsen og Linda Gytri besøkte i starten av mars fylkesarkivet for å gjere djupdykk i musikksamlinga. Her fins det opptak av utøvarar fødde for nærmare 150 år sidan, og spennet er stort: frå gravferdssalmar og bånsullar til kulokk, polka og griseviser – framført på alt frå sag til trekkspel.

- Å få gå på skattejakt blant 16.000 lydopptak er magisk i seg sjølv, så det er veldig spennande å sjå kva vi klarar å skape ut frå dette. Vi pussar rett og slett støv av arvesølvet samstundes som vi får smi ny musikk inspirert av det gamle, fortel Gytri i ei pressemelding frå Fylkesarkivet.

Musikarane si tolking av musikkarven vår får ein høyre på Førdefestivalen fredag 7. juli. På konserten Arvesølvet 2017 får publikum nyte både lyden av fortida og heilt nylaga musikk!

- Dette er eit veldig spennande prosjekt som vi tente umiddelbart på, fortel direktør for festivalen, Hilde Bjørkum.