Fjordingen har tidlegare omtala behovet og planane om eit felles beredskapsbygg for utrykkingsetatane i Stryn. Det har vore uttalt interesse for dette frå alle partar, men konkrete areal har ikkje vore omtala før no.

Den kommunale tomta med grøntareal bak Stryn vidaregåande skule er det arealet som kommunen sjølv ønskjer å nytte til eit slikt bygg.

Skal byggje nytt

Stryneordføraren meiner tomta langs Vipevegen utmerker seg som det klart beste alternativet.

– Vi har sett på andre alternativ, men skal vi tenkje framtidsretta så vil vi byggje eit heilt nytt bygg med ekstra plass for eventuelle nye aktørar, seier Flo.

Stryn kommune har bede dei ulike etatane kome med innspel på sine behov for plass etc. Med unntak av Stryn Røde Kors, som har takka nei, skal det vere ønskje om dette frå både politi, brannvern og Helse Førde som har uttalt seg i positive vendingar om ein samlokasjon.

– Ja, både i forhold til samyrke-trening, felles undervisningsrom etc. Vi har alt å vinne på å vere på fornamn med dei andre etatane, sa lensmann Lasse Trosdahl sist Fjordingen omtalte saka. Konstituert brannsjef John Jatgeir Vinsrygg var tydeleg på deira behov.

– Vi har store behov for oppgraderingar i eit bygg som nærast er regulert bort. Vi er utelukkande positive til samlokalisering, sa Vinsrygg.

Ønskjer spada i jorda

Stryneordførararen, som har hatt ein visjon om eit slikt blålysbygg, meiner tomta er ideell i forhold til alle relevante faktorar som tilkomst, utrykking og beredskap.

Han trur ikkje at bygget vil skape konflikt med naboane, men trur det kan kome reaksjonar på at grøntareal vil forsvinne i prosessen.

Tom tomt Blir bygget reist her, vert Stryvo og Stryn vgs næraste naboar. Foto: Roger Oldeide

Han legg til at det vil bli plass til både grøntareal og skulen si volleyballbane ved bygget. Bygget er tenkt oppført i lengderetninga langs Vipevegen.

Ordføraren skal ta saka opp i komande kommunestyremøte med ønskje om snarleg bestilling av eit forprosjekt som vil gi svar på storleik og pris på dette bygget.

– Får vi dette inn i økonomiplanen 2018-2021, så kan spaden gå i jorda allereie i 2018-2019, seier Sven Flo.