Den norske pizzakjeda opna sin utsalsstad nummer 151 i Norge og det var i Myrane i Stryn sentrum. Staden baserer seg på takeaway og utkøyring av pizza.

– Vi hadde ønskje om plass til bespising her, men det vart det diverre ikkje plass til. Heldigvis har det fungert godt med take away så langt, fortel Ann-Kristin P. Lillestøl og dagleg leiar og eigar, Stian Lillestøl.

Paret, som er busett i Ulsteinvik, har i dag 11 tilsette som utgjer om lag fem årsverk som har hatt ein travel start før og etter opninga førre veke.

– Eg anslår at omlag 1000 pizzaer vart selt første veka så vi er overvelda over responsen. Vi kjenner oss velkomne i Stryn, fastslår paret.