Bransjebladet HRR har kåra Sogn og Fjordane til "Norges turistfylke" 2016.

Fylket har høgast del utanlandske overnattingar, høg marknadsdel og god utvikling, skriv bladet på eigne nettsider.

Kåringa viser at nesten halvparten (48 prosent) av overnattingsgjestene i Sogn og Fjordane kom frå utlandet, noko bladet synest er litt overraskande.

Men andre vestlandsfylke er også godt representerte i denne delen av kåringa. Hordaland kjem like bak på andreplass med 43 prosent, medan Møre og Romsdal kjem på femteplass. Der var 34 prosent av overnattingsgjestene utlendingar.

På lista over fylke med lågast del utanlandske overnattingar finn vi Vestfold, Vest-Agder og Telemark. Bladet synest også dette er overraskande sidan fleire av desse fylka har ferjesamband til utlandet.

(NPK)