Laurdag kveld oppmodar WWF folk til å skru av lyset i éin time frå halvni. Da markerer naturvernorganisasjonen for tiande året på rad Jordtimen over heile verda.

Jordtimen er meint å skape medvit om klimaendringane og utfordringane vi står overfor.

– På tiårsdagen for Earth Hour er det viktigare enn nokon gong at verda står saman for klimaet, seier generalsekretær Nina Jensen i WWF Verdsnaturfondet i ei pressemelding.

– Klimaendringane har allereie enorme konsekvensar. Vi opplever dramatiske eksempel som døde koralrev og smeltande havis. Folk over heile verda ser no alvoret vi står overfor, men dei ser òg at det finst løysingar. Akkurat no skjer ein fornybarrevolusjon som skal hjelpe oss å redde klimaet, seier Jensen.

Mens lysa blir sløkte både i private heimar og offentlege bygg, blir det òg konsertar og andre arrangement laurdagskvelden.

Jordtimen byrja som ei symbolsk markering i Sydney i Australia i 2007 og har sidan vakse til å bli ein verdsomspennande klimakampanje.

Tenk på miljøet, skru av lyset og gjer det koseleg med stearinlys mellom klokka 20.30 og 21.30. (Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK)